Yrkeskarriere:

2014- Sjølvstendig næringsdrivande journalist

Etablerte selskapet Jørn-Arne Tomasgard Media (ENK) i 2014 der eg på sjølvstendig basis leverte innhald til oppdragsgjevarar. Endra driftsform til AS i 2019, og driv no gjennom dei heileigde selskapa JA Tomasgard Media og JA Tomasgard Holding.


1997-  2014             Bergens Tidende, journalist:

Stadfortredar for nyheitsleiar sportsavdelinga. Fast tilsett sidan 1998.

Har erfaring som vaktsjef sport og med redigering på hovuddesken. Har jobba med prosjektleiing frå idé til planlegging og utføring siste ti år.

Vi har teke tak i samfunnsmessige forhold vi meiner er grunn til å sjå på, lagt ein arbeidsplan, gjennomført planen med eit kritisk og undersøkande blikk, og følgt opp arbeidet til sakene er på trykk i avisa. Det har resultert i både større enkeltståande oppslag og artikkelseriar. Eg kan vise til regelmessige oppslag på side 1 i alle avisene eg har jobba.

I samband med meisterskap har eg hatt ansvaret for å legge grundige planar lenge i forkant for teamet til Bergens Tidende, delegere ansvar og følgje opp stoffproduksjonen når det gjeld førehandssaker og reportasjestoff under sjølve meisterskapen.

Har dekka OL i London 2012, Vancouver 2010, Beijing 2008, Torino 2006 og Salt Lake City 2002, ski-VM i Val di Fiemme 2013, Oslo 2011, Liberec 2009, Sapporo 2007, Oberstdorf 2005 og Val di Fiemme 2003, EM fotball i Nederland og Belgia 2000, Superligaen friidrett i Bergen 2010, ski-NM Voss 2012. Ved alle desse meisterskapa har eg hatt ansvar for planlegging og reportasjestyring.

I den tidlege fasen i Bergens Tidende jobba eg i fleire år tett med Brann, og var leiar for Brann-gruppa 2000–2002. I 2003 og 2004 jobba eg på nyheitsavdelinga med spesielt ansvar for skule- og utdanningsstoff.

Tilbakemeldingane frå lesarar, kjelder og kollegaer er at eg er ein flink journalist dei respekterer. Eg har også fått høyre at eg er eit førebilete for yngre kollegaer.

 1991-1997: Frilansjournalist:

  • Bergens Tidende (1995-1997)
  • Dagbladet 
  • Sunnmørsposten.
  • Sommarvikar Dagbladet sporten 1993, 1994, 1995.
  • Sommarvikar Sunnmørsposten nyheit 1993.

1990-1991: Journalist Fjordabladet på Nordfjordeid.

 

Utdanning:

1995-1997 Universitetet i Bergen, hovudfag i medievitenskap:

Førte til Cand. Polit-graden (kartakter Laud). Hovudoppgåva «Børs og katedral i ein nyttejournalistisk tidsalder», ein kvalitativ og kvantitativ studie av Dagbladet i spenningsfeltet mellom det åndelege og kommersielle i samband med satsinga på nyttestoff.

1994-1995: Historie grunnfag Høgskulen i Volda.

1992-1994: Journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda (mellomfag).

1990-1991: Idrett grunnfag Høgskulen i Volda.

1987-1989: Allmennfag Eid vidaregåande skule.

 

Stipend:

Fritt ord, 25.000 kroner i samband med hovudfagsoppgåva.

Rådet for anvendt medieforskning, 30.000 kroner i samband med hovudfagsoppgåva.

 

Anna relevant bakgrunn:

2007-2011: I styret i Norsk Journalistlag i Bergens Tidende.

2009-2013: I styret i sameiet St. Jakobs hage.

1989: Militæret ved Ulven leir på Os.

1990-1995: Trenar for langrennsrekruttane i Hornindal IL.

 

Interesser: Fysisk aktivitet (har drive aktivt med langrenn og friidrett, trent på Sats 1997-2013, samt mykje ute i naturen), sosialt samver, familieliv, friluftsliv, lese, reise, mat, kunst.

 

Data:

God komptanse i Windows - Microsoft Office med Word, Excell og Powerpoint, erfaren i bruk av iphone/ipad, flink fotograf og bildebehandlar, aktiv på dei sosiale nettverka Facebook, Twitter, LinkedIn og Instagram.

 

 Språk:

Norsk (nynorsk og bokmål), engelsk, tysk.